fredag 21. september 2007

Opsjonsgrøss

Det er ikkje tvil om at Hydro er ei av dei bedriftene i landet som skapa store verdiar, enorme verdiar. Desse verdiane har auka raskt under leiinga til Reinås, Reitan og resten av av leiinga og med god grunn. I 2001 under Jens Stoltenberg 1 regjeringa vart det laga opsjonsavtalar som omhandla ganske store summar! Media trakk i sommar desse avtalane (som alle har hatt fritt innsyn i) fram for offentleg skode.

Det var då næringsministeren som tydlegvis er meir intressert i at folk skal miste pengar enn å tene pengar, ringte Reinås i rein mafia-style og ba han trekkje seg. Staten er i denne saken ein av fleire eigarar i Norsk Hydro, og må handle i høve til det. Måten dei som eigar her har handsama saka syner ikkje respekt for aksjedemokratiet eller god eigarskapsstyring. 60% av eigarane har ikkje fått teke del i avgjersla gjennom vanleg eller ekstraordinær generalforsamling. Det er ei skandale, og kan skremme mange utenlandske investorar frå Oslo Børs der staten er ein alt for stor eigar.

Heile saka er jo symbolpolitikk som skadar meir enn det hjelper. Skal vi sumere opp kan vi sei at dei som har "lov" å tene pengar i sosialdemokratiet Norge er; Røkke ein kosleg mann som solgte Aker Kværner til 1 millard over marknadspris til ei godtruande regjering som sløsa med folk sine penga. Andre folk som kan tene pengar og cashe inn heder er idrettsutøverar, dei er jo fantastiske mennesker med kvalitetar som er langt overlegne forretningsfolk, altså når John Carew tener 20-30 millionar så er det ingen som skrik at det er eit ran av "fellesskapet".

Nei eg blir så forbanna! God Helg ;)